Framfører påskemusikal i Sunnylven kyrkje
Fyrste var det Hellesylt barnekor, seinare ungdomskoret Joyful som har framført påskemusikalen «Har du hørt det» i Sunnylven kyrkje. På palmesøndag blir det gjenhøyr med det vakre syngespelet.
Alf Georg Øvstebrøt har sett tekst og tonar til det som skjedde i folket og med Jesus sitt liv frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata, døde, og til oppstoda fyrste påskedag. Det er handlinga i påskemusikalen «Har du hørt det».
Dette er ein påskemusikal med mykje song og musikk og sterke tekstar. Det blir alltid ei gripande stund i Sunnylven kyrkje når syngespelet blir framført med innleving av ungdommane i gode Joyful og leiarane deira.
«Dere er mine venner, eg gir av meg sjølv», heiter det så roleg og vakkert i starten, men snart blir det heile intenst og nesten hatefullt når folket ropar; «Korsfest han, slipp Barabass fri». Døden innhentar Jesus på Golgata, men nokre dagar seinare kjem meldinga om at grava er tom, Jesus har stått opp igjen.
Gudstenesta i Sunnylven kyrkje på palmesøndag tek til ein time seinare enn vanleg, klokka 12.00.