Gutar 14 år opna med storsiger

Det vart storsiger for Sunnylven då fotballsesongen opna på Hellesylt stadion tysdag kveld. På bildet framme frå venstre: Daniel, Maren, Hanne, Isak, Sofie, Renate, Sverre Martin.
Bak frå venstre: Trenar Lillian Aasheim, Olai, Thomas, Ådne, Elias, Ørjan, Konrad, Emil, trenar Kirsti Frøysadal Hauge.

Tysdag 23. april starta årets fotballsesong på Hellesylt stadion. Og det var gutar 14 år som sparka det heile i gong på best mogleg måte.

G14, 9-er. Sunnylven – Ørsta/Hovdebygda 2. 14 – 3 (6-1)

Mål Sunnylven: Thomas Hole 5, Elias Helset 3, Emil Norangshol 2, Ørjan Frøysadal Hauge 2, Sverre Martin Røyrhus 2.

Heile 14 – 3 lyste det på tavla då domar Odd Even Svindseth, VRF bles for full tid i G14-kampen mellom Sunnylven og Ørsta / Hovdebygda 2 på Hellesylt stadion. Ved pause leia heimelaget 6-1.

Dette var ein kamp med mykje godt spel og stor fart av heimelaget. Gutane og jentene i rødt og blått jobba steinhardt både enkeltvis og for laget og var klart betre enn gjestane i denne kampen. Også dei fire jentene som spelar på dette laget, som Kirsti Frøysadal Hauge og Lillian Aasheim trenar var gode og let seg ikkje «skubbe» på av motspelarar.

Med ein god burvaktar, ei forsvarsrekke med kjappe duellsterke spelarar og eit par hurtigtog framme vart det tosifra og 14-3 siger. Ein kjempeflott start på sesongen for G (J) 14-laget til Sunnylven.

Desse spelar på laget (9-er):

Isak Frøysadal Hauge, Elias Helset, Olai Særeås Kristoffersen, Sverre Martin Røyrhus, Sofie Kvamme Knutsen, Renate Øksvang, Maren Frøysa Os, Hanne Kjellstad, Konrad Lade, Daniel Sæther, Ørjan Frøysadal Hauge, Emil Norangshol, Thomas Hole, Ådne Kjellstadli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380