Lokalnytt

Har du ein draum om å byggje naturmøteplass?

Eit eksempel på ein draumeplass er dette, Brekka naturmøteplass, Gloppen.

No kan lokale lag og organisasjonar søkje Draumeplassen-konkurransen 2019. Det er 4H Møre og Romsdal som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne kr 100 000,- kvar og prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

Tekst: Linda Slåtten og Tore Rødseth Ulvund.

Gjensidigestiftelsen har gjeve nye midlar til Draumeplassen. I år fekk tre nye fylke stønad til prosjektet, der Sogn- og Fjordane har delt ut midlar til dette i 3 år allereie. Erfaringa som er hausta fra Sogn og Fjordane har vore svært gode, med aukande interesse årleg og fleire gode prosjekt som er vorte realisert.

Dei fire fylka som arrangerer Draumeplassen-konkurransen 2019 er Troms, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane.

– Hjarteleg takk til Gjensidigestiftelsen! Dette innfrir heile 20 nye Draumeplassar, fordelt på fire fylke, smiler Tore Rødseth Ulvund prosjektleiar i Draumeplassen Møre og Romsdal. Tore har vokst opp i Ålvundfjord og er brennande interessert i natur- og friluftsliv.

– Desse møteplassane vil auke folkehelsa og engasjere mange til å skape sin eigen møteplass i naturen. Her skapar vi gode basar for meistring av enkelt friluftsliv, og vi spreier slik naturglede hjå mange.

Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg for alle, og skal gjerne væra universelt tilrettelagt, seier Ulvund.

Korleis søkje

Lokale lag og organisasjonar bør gå inn på heimesida http://www.naturmoteplass.no/draumeplassane !

Her finn du meir informasjon om konkurransen, søknadsskjema, mal for skildring av naturmøteplassen, mal for budsjett og kriterie for vurdering av søknaden.

Kvart fylke vil ha ein jury som kårar fem vinnarar rundt juni 2019. Vinnarane får 100 000 kroner og hjelp frå 4H til å utvikle Draumeplassen.

På heimesida kan ein også laste ned ferdige byggjepakkar som inneheld teikningar, material-lister og tips til bygginga.

– Set dykk godt inn i prosjektpakka som står i midten, øvst på framsida. Slik får de laga ein god plan for korleis de skal realisere draumane dykkar, tilrår Ulvund

Søknadsfrist 15. mai

Det er fyrste gong Draumeplassen vert lyst ut i Møre og Romsdal, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.

4H har positiv erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og målet er at konkurransen på sikt vil verte nasjonal.

For ytterlegare informasjon, ta gjerne kontakt med:

Tore Rødseth Ulvund, prosjektleiar i 4H for Draumeplassen Møre og Romsdal

Tlf.: 47963113

E-post: tore.ulvund@4h.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380