Innestengt kraft kan bli hydrogen

Litlebø kraftverk og to andre kraftverk i Sunnylven har begrensa produksjon grunna linjekapasitet ut av bygda.

I eit intervju med nettavisa NETT.NO går forretningsmannen Knut Flakk inn for ferjer med hydrogendrift på Geirangerfjorden. Hydrogenproduksjonen vil foregå på Hellesylt ved bruk av «innestengt kraft».

Knut Flakk vil produsere hydrogen av «innestengt kraft», som han kallar det. I Sunnylven er der tre kraftverk som ikkje får produsere det konsesjonsvilkåra tillet grunna for dårleg linjenett ut frå bygda. Flakk ønskjer samarbeid om produksjon til hydrogen og med den drive to turistferjer på Geirangerfjorden. På den måten kan myndigheitene sine krav om nullutslepp innan 2026 bli oppfylt.

Også for bil

Han er samd i at forureininga må reduserast, men at kravet må gjelde alle fjordar. Og Flakk er ikkje redd for at strenge miljøkrav skal føre til at turistar sluttar å besøkje området, men trur heller at mange vil kome fordi det blir satsa berekraftig.

På sikt håper Knut Flakk at hydrogenproduksjonen skal vere starten på at også fleire bilar vil rulle på slik energi etter vegane. –Vi har ikkje tid å miste så vi må starte jobben no, seier han til NETT.NO.

Bacecamp Hotel.

I løpet av mai blir det sannsynlegvis teke ei tomteavgjerd for det planlagde Bacecamp Hotel. Det gamle Grand Hotell blir ikkje rive, og no blir fleire tomtealternativ i nærområdet vurdert. Målet er å etablere eit hotell med naturbaserte aktivitetar for gjestane, har Flakk uttalt tidlegare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380