Lokalnytt

Innsamling av Storboss på Hellesylt

Pål Orheim t.h. og Kennet Tvinnereim frå S.G.T fekk inn mykje grovavfall og andre miljøskadelege produkt iunder innsamlinga i 2018.

Henting av storboss og anna farleg avfall på Hellesylt har fått endra dato. Ny dato er tysdag 23. april mellom klokka 12.00 – 18.00.

Renovasjonsselskapet Årim opplyser at det hadde blitt feil dato for henting av storboss på Hellesylt på kalendaren som selskapet sende ut ved nyttår. Rett dato er tysdag 23. april 2019 mellom klokka 12.00 og 18.00. Hentestad er same plass som tidlegare, på parkeringsområdet ved Hellesylt bro.

Kvart år tek Årim med miljøstasjonen ut til øyane i Haram og til Hellesylt i Stranda. Her kan innbyggjarane levere avfall som blir teke mot på dei bemanna miljøstasjonane i selskapet sitt område.

Døme på avfall som kan leverast:

Elektrisk og elektronisk utstyr, farleg avfall, metall, bildekk med og utan felg, trevirke av mindre kapp, utrangerte møblar og madrasser, syklar og sportsutstyr, papp, isolasjon og isopor, interiørartiklar og vindauge. Hugs å ta med miljøstasjonskortet!

Sjølv om det i dag er 1. april er dette ingen spøk. Dato for innsamling av storboss på Hellesylt i Sunnylven er 23. april mellom klokka 12.00 – 18.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380