Kan hente vinterved gratis på Hellesylt
I skråninga ned for Helgesvingen på Hellesylt ligg mykje nedsaga skog. No vil Hellesylt Næringslag få det vinsja ned på flata og gje det vekk til ved.
Næringslaget vil rydde opp til sommarsesongen i skråninga ved Helgesvingen. Måndag 15. april startar dei med tre traktorvinsjar for å drage skogen ned på flata. Der kan den som vil hente seg vinterved gratis, melder Hellesylt Næringslag. Alt blir gjeve vekk mot sjølvhenting.
Det blir dugnad med opprydding også dagen etter, på tysdag og kanskje onsdag. Næringslaget er takksam om nokon stiller på og hjelper.