Klare for turistbåtsesongen

Driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole har kaia nyvaska og klar til fyrste cruisebåt torsdag 2. mai.

Det er cruisebåten AIDAsol som innleiar turistbåtsesongen på Hellesylt torsdag 2. mai. Då er ein stor sesong 2019 i gong med over 140 båtar innom Hellesylt, og rundt 70 – 80 fleire til turistbygda Geiranger.

Snart blir turistbåtar med kurs både for Hellesylt og Geiranger eit dagleg syn. Ei rekordstor sesong med mange båtar er venta, og driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole forsikrar at alt er klart. På kaiene blir det stort sett same mannskapet som tidlegare sesongar, noko Hole ser på som ein fordel. Dei kan og veit korleis jobben skal gjerast seier han. Før skuleelevar vender heim kunne han ha ønska seg nokre fleire å tilkalle. Så er der spreke pensjonistar eller andre håper han dei tek kontakt.

Tilbod på land positivt

Torsdag 2. mai skal AIDAsol kome til Hellesylt etter seglingslista. Om båten kjem innom Hellesylt eller går direkte til Geiranger er ikkje klart. Framleis er vegen over Geirangerfjellet stengt av snø så turen «over land» kan ikkje gjennomførast, seier Hole. Same båt er tilbake ei veke seinare torsdag 9. mai.

Dagen etter, fredag 10. mai kjem cruisebåten Arcadia til Hellesylt og skal «overnatte» før den går til Geiranger. Båten klappar til kai ca. klokka 18.00 så turistane får ein lang, ljos kveld på Hellesylt.

-Kor mange som går på land veit ein sjølvsagt ikkje, men om Hellesylt kan ha opne både butikkar, kunstgalleri og kyrkja hadde det vore flott. Gjerne også tilbod om utflukter, og eit skulekorps som la øvinga si om cruisekaia fredag kveld. Det er alltid positivt å vise fram meir enn vakker natur, seier Inge Hole.

Nyvaska cruisekai

Hellesylt kai vart spyla og klargjort tysdag denne veka. Alt er på stell og det er gjort nokre små utbetringar, fortel driftsleiaren. På kaia er det kome eit ekstra opphaldshus som dobblar lagerplass for mindre ting og opphald for mannskap på båtane og kaia.

-Det er utført eit mindre vedlikehald på ein støttemur mot Korsbrekke, og no blir det arbeidd med å lage eit nytt vegkryss for vegen mot cruisekaia i tråd med gjeldande reguleringsplan. Vegen skal utvidast og asfalterast og kan bli nytta til oppstillingsplass for bussar, fortel Hole.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380