Lokalnytt

Måndagstrimmarar opprettar facebook-gruppe

Margrethe Fjetland Løvold er utdanna som personleg trenar / gruppeinstruktør og leiar måndagstreningane på Hellesylt.

Måndagstrimmen på Hellesylt med instruktør Margrethe Fjetland Løvold har blitt ein suksess. På Hellesylt og i Sunnylven blir nok mange spreke damer når gangsperra (stivleik i musklane) går over.

Måndagstreninga på Sunnylven samfunnshus har blitt mykje populært. Frå fyrst i mars har det vore trening kvar måndag kveld frå kl. 19.30 og i ein time. Men måndag 15. april blir treninga / trimmen flytta fram til kl. 17.00 grunna quiz-arrangement på Hellesylt, opplyser gruppeinstruktør Margrethe Fjetland Løvold.

Mange har delteke på treningane som er for begge kjønn i alle aldrar. Øvingane er lagt opp etter deltakarane si eiga form, fyrste del av timen er det fokus på smidigheit og skadeførebygging, og deretter på styrke og teknikk. Øvingane krev lite utstyr, men Margrethe Fjetland Løvold håper trimmen kan inspirere og gje kunnskap til å halde fram med trening på eiga hand.

Det er oppretta ei facebook-gruppe, «Mandagstrening på Hellesylt» der aktuell informasjon blir lagt ut. Og måndag 15. april møtest alle sprekingar på Hellesylt som før omtala kl. 17.00 til trim/trening.

Møte for treningsinteresserte på Hellesylt

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380