Lokalnytt

Markerte Verdas bokdag

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim t.v. hadde med både frukt og is, og i tillegg ein boksjekk til elevane i 1. til 4. klasse.

Avslutning på lesesamlingar, bokåret 2019 og Verdas bokdag 23. april vart markert ved Sunnylven skule tysdag. Lesevennene frå Sunnylven sanitetslag spanderte gosaker og gåvesjekk til elevane.

Sunnylven sanitetslag er Leseven på Sunnylven skule. Fleire gonger i løpet av skuleåret blir elevar i 1. til 4. klasse samla saman med sanitetskvinner til lesestund.

-Dette er eit tiltak som elevane og skulen har sett stor pris på, og dette vil vi i sanitetslaget halde fram med, seier leiar Kari Hauso Stadheim og legg til: – Også vi i sanitetslaget synest det er kjekt og vi blir veldig godt mottekne kvar gong.

23. april var Verdas bokdag. Då hadde elevane ei leseløype som enda på Sunnylven bibliotek. Etterpå samla alle elevane seg i paviljongen ved skulen i det flotte veret, der sanitetslaget markerte avslutning både på lesesamlingane dette året, at det var bokåret 2019, og at det tysdag 23. april var verdas bokdag. Under samlinga spanderte sanitetslaget saft, frukt og is, og det vart overrekt ein boksjekk på 1000.- kroner som elevane kunne nytte til å kjøpe bøker for.

Samling i paviljongen ved Sunnylven skule.
Is er godt, og den mest populære var Lollipop

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380