Lokalnytt

Masse is vart belønning

Småskulen saman med sine lærarar hadde jobba flittig ein lang skuletime og samla mykje rusk i plastsekkane sine

Etter berre ein dag har Hellesylt sentrum heilt sikkert blitt mykje reinare. Elevar frå Sunnylven skule fann mykje rart som dei samla opp i plastsekkar tysdag, og lønna vart overrekt i is

På Hellesylt har skuleelevar vore flinke miljøarbeidarar heile tysdag. Fyrst ut var elevar frå mellomsteget, og når dei hadde gjort runden i og kring sentrum var det småskulen sin tur. Vi såg ikkje så nøye på kva elevane hadde plukka opp, men alle fann ting som ikkje høyrer til i gatemiljøet eller i ei vakker natur. Ved avslutning av den godt timelange runden til småskulen vart alt kasta i den store conteinaren som står i gata ved Coop i høve årets vårrydding.

Ryddeaksjon ei heil veke

Løna for flott innsats var is, spandert av daglegvarebutikken. –Dei er så flinke, vi ser ikkje alltid rusk som ligg og sleng rundt om, men skuleelevane har funne det og samla det inn. No er skulen ferdig med deira bidrag, for elevane i storskulen har lekseprøver og eksamenstid. No er det vi vaksne som må ta oss ein tur rundt om. Ryddinga ute skal i denne omgang vare fram til 4. mai. Det sa butikksjef Michelle de Vries på Coop Marknad Hellesylt som kom og overrekte «lønna» til miljøarbeidarane frå Sunnylven skule.

Her er det lønningstid, is til alle frå butikksjefen på Coop.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380