Lokalnytt

Mjølkeprodusent i Sunnylven fekk Sølvtina

Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad med Sølvtina, beviset på at det har blitt levert feilfri mjølk frå garden i 15 år.

Vi inviterte oss sjølve til gards til Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad på garden Hjellen ved Tronstad. I stova stod Sølvtina, eit synleg bevis på at frå dette mjølkebruket var det levert elitemjølk i 15 år samanhengande.

Tidlegare denne veka var Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad til Lillestrøm. Der vart dei, saman med hundre andre frå heile Norge overrekt Sølvtina for å ha levert elitemjølk i 15 år.

Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad driv eit normalt stort Vestlands-gardsbruk med storfe og mjølkeproduksjon. For fem år sidan kunne dei motta TINE sin 10-års plakett for god og feilfri mjølk, og no vart det ny velfortent påskjønning for topp kvalitet på mjølka.

Svært få er klar over dei strenge krav som må bli oppfylt for desse tildelingane. Grete og Johan Inge fortel at til elitemjølk og beste utbetalingspris må fleire prøver vere innafor ei norm. Det gjeld celletall, frie feittsyrer, bakterieinnhald og frysepunkt i mjølka.

Dei er begge litt beskjedne i omtalen av innsatsen sin, men vedgår at dei må vere påpasselege.

-Det er viktig å følgje med og etablere gode rutinar for hygiene, og som også avløysaren må følgje. Og så er det viktig å kjenne dyra, få fram gode dyr gjennom avl og ta ut dyr om det blir vanskelege sjukdomstilfelle. Vi har også slutta å levere tidleg ved avsining, ei tid i laktasjonen det er lett at prøveverdiane overstig grensene. I staden for å sende mjølka til meieriet nyttar vi den som for til kalvane, seier Grete Bjørdal og Johan Inge Kjellstad.

Samlinga på Lillestrøm tysdag i veke 15 var TINE sin premiefest for dyktige mjølkeprodusentar. Rundt hundre vart tildelt Sølvtina, men der var også fleire som fekk Mjølkespann, eit heidersbevis for 25 års levering av feilfri mjølk.

Til samlinga høyrde også med servering av god middag til alle mjølkeprodusentane, eit måltid som varte i fem timar. Dagen etter var det årssamling i TINE Meierier.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380