Møblerte i Kurle-stova
Styremedlem i Storfjordens Venner, Reidar Furset har i løpet av vinteren laga møblar til stovehuset på Kurlå. Påskeaftan vart dei frakta til husmannsplassen og sett på plass.
-Det var på eit styremøte at eg nemnde at stova på Kurlå mangla møblar og at det skulle vore laga noko i gamal stil. Eg kunne ta på meg oppdraget då eg hadde tid til å sysle med slikt gjennom vinteren, fortel Reidar Furset. Det vart bifalt av dei andre i styret og dermed hadde Reidar eit vinterarbeid.
Til påskeaftan var møblement til Kurlå ferdig og skulle på plass. Frå småbåthamna på Hellesylt sytte Rolf Matvik for båtskyss og lærar Arne Ringdal skaffa nøkkel til huset som skulle møblerast. Sunnylven skule har tilgang til Kurlå og får nytte plassen og stovehuset om det passar inn i undervisninga.
Reidar Furset kan snikkarfaget. Bord og benkar minte om eit aldrande møblement, men alt var laga av friske furumateriale, noko frå eigen skog og noko spandert av Amdam Sag på Sjøholt, fortalde Reidar Furset. Og snikkararbeidet var i gamal stil, tappa i hop og med perlerand på benkane og beisa i gråaktig farge.
Under bordplata hadde møbelsnikkaren brukt geifusen sin og skore inn årstal og namnet Kurlå. Stovebordet var 70 gange 190 cm. med kryssbein og sett saman med sarg og kilar, og saman med tre benkar i varierande lengde, til saman 5.10 meter sitjeplass kom alt på plass ved stoveglaset i Kurle-stova. Ein fin stad å raste med utsikt til Sunnylvsfjorden.