No startar vårpussen i Sunnylven

I og kring Hellesylt blir det rydding dei neste dagane. På Hellesylt inviterer Coop Marknad unge og eldre til ryddeaksjon, og også Stranda Energi stiller opp for ein vakker vår i Sunnylven.
Ikkje alle er like nøgde med det Stranda Energi prøver å få til av verdiar i samspel med naturen i Sunnylven. Men at selskapet stiller opp og bidreg i vårpussen i bygda bør vel takast godt imot av alle.
No får i alle høve Sunnylven Idrottslag god hjelp av energiselskapet til i å gjere idrettsanlegga ryddige for uønska søppel. Betalt av Stranda Energi plasserte Jonas Skrede frå Stranda Gjenvinning & Transport ut ein conteinarar på Hellesylt stadion fredag, og conteinaren blir henta når idrettslaget gjev beskjed, sa han. Idrettslaget kan kastast det dei ikkje har bruk for, både frå stadion og frå fleirbruksanlegget i Hyttehola gratis. På Hellesylt stadion er det kalla inn til dugnad laurdag 27. april.
-Vi synest det er kjekt å hjelpe idrettslaga i kommunen med å halde det rydding kring anlegga, så dette er ei ekstra støtte, eller sponsing om ein vil, seier marknadssjef i Stranda Energi Frode Langelo. Stranda Gjenvinning & Transport syter for både utplassering, og innkøyring når ryddinga er ferdig.
Også Coop Marknad gjer sentrum vakker
I veke 18. blir det rydding også i og kring Hellesylt sentrum. –Hellesylt og området rundt er ein vakker plass så den må vi halde rein og ryddig, sa butikksjef ved Coop Marknad, Michelle de Vries i mars. Ho hadde søkt og nett fått melding om at Hellesylt var ein av 250 stader i landet der Coop-kjeda ville vere med å bidra til vårryddinga etter vinteren.
Frå laurdag 27. april blir det utdeling av søppelsekkar og hanskar til alle som vil ta eit tak for eit vakkert Hellesylt. Alt er gratis, og søpla kan kastast i conteinar som butikken har fått på plass. –Blir den full kjem ein ny, lova butikksjefen.
Elevar ved Sunnylven skule er klare til innsats i neste veke, og butikksjef på Coop håper også mange andre nyttar seg av tilbodet gjennom ryddeaksjonen.