Lokalnytt

Øl for alle smakssansar

Med øl for alle smakssansar. Frå venstre Frank Maråk og Stian Peter Merok frå Geiranger Bryggeri, Ellen Angelika Fivelstad og Nanna Lilletvedt Sæten, verskap på Hellesylt Boutique & Bar.

Geiranger Bryggeri kom med fem øltyper til ølsmakarkveld på Hellesylt Boutique & Bar torsdag kveld. Dei hadde øl for alle smakssansar, men ei eldre øltype kom best ut i testen frå eit tilfeldig testpanel.

Ølsmakarkveld i påska har blitt tradisjon på Hellesylt. I år var det tredje gongen representantar frå Geiranger Bryggeri kom til Hellesylt Boutique & Bar, denne gongen med fem typar øl. Til rundt 30 frammøtte fortalde Frank Maråk og Stian Peter Merok om innhald i øltypane dei hadde med, og korleis namnet på ølet hadde blitt til. Dei fleste namna kan assosierast til Geiranger og nærleiken, men andre også etter hendingar og personar.

Nytt øl på ølsmaking i år var Korsmyra, dei fire andre var Sølvfest Brown Ale, Vikingstøa Pale Ale, Sur & Snasen Saur Ale og Maxim Gorkiy Stout.

Geiranger Bryggeri, som kom i produksjon i 2015 lagar mykje godt for ølelskarar. Kva som fell best i smak varierer frå person til person slik det gjer med mykje anna, men mellom dei mange øltypane finn nok alle eit favorittøl. Nokre typer kan det vere nok med berre eitt glas av, andre blir ein aldri utørst av.

Under ølsmakarkvelden laga vi for moro skuld ein uhøgtidleg smakstest av dei fem øltypane. I «testen» deltok tolv personar av begge kjønn. Poengskalaen skulle vere mellom 1 og 15 og her varierte det mykje, frå nettopp 1 til 14 poeng.

Beste ølet som «testpanel» vårt kom fram til var Vikingstøa, deretter Sølvfest, Sur & Snasen, Korsmyra og til slutt Maxim Gorkiy. Sjølv om ølet med namn etter det gamle, rykande russiske cruiseskipet kom på siste plass fekk det 14 poeng frå ein i panelet. Vi presiserer at «øltesten» var svært uhøgtideleg og laga for moro skuld. Men vi leita etter smak og behag og fekk stadfesta at det varierer mykje. Og vi gleder oss alt no til neste ølsmakarkveld.

Øl frå Geiranger Bryggeri blir selt på flasker, mange med akantusrankar og anna kunstferdig dekor, og er å få kjøpt i daglegvarebutikkar og på Vinmonopolet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380