Lokalnytt

Ole Ringdal AS med grillfest og gåver til skulen

Lars Kristian Hjelseth og Ole Arnstein Ringdal fekk god avsetnad på grillpølser og grillmør, men gjekk aldri tomme.

Vi såg det på lang veg at det rauk frå uteområdet ved Sunnylven skule tysdag. Der var naboen komen med truck`n sin, utegrill og fleire overraskingar til elevar og tilsette.

Veret var upåklageleg, det var sol og rett så fint grillver. Ole Ringdal AS hadde fått draumeveret for grillfesten saman med elevar og tilsette ved Sunnylven skule.

Kjøttvarebedrifta på Hellesylt utvida produksjonslokala i fjor med 2500 kvadratmeter og til ein kostnad på vel 50.0 mill. kroner. No står bygget ferdig, og uteområdet er sett i tipp topp stand med gjerde og asfaltert. Skulen har fått ein flott og ryddig naboeigedom.

Lars Kristian Hjelseth hadde full kontroll på grillinga og dagleg leiar Ole Arnstein delte ut go`sakene til elevane, både ei og fleire pølser til kvar. –Dei får ete så mykje dei orkar og vi har meir på fabrikken. Det er med stor glede at vi spanderer slike grillfestar på desse flotte ungdomane vår, sa Ole Arnstein Ringdal. Grillfesten på skulen har vorte årviss, men var denne gongen utvida med ekstra gåver.

Her kjem Ole Arnstein Ringdal køyrande med truck og eit heilt nytt tømmerbyggesett til Sunnylven skule.

Dagleg leiar og hjelpar Lars Kristian kom «til gards» med køyretøy og på truck`n var meir enn grillpølse, grillmør og pølsebrød. Der vart først avdekka eit stort tømmerbyggesett, deretter vart ei kasse med klatreklossar opna, og til sist kom ein sekk med ti fotballar, ein ball til kvar klasse ved Sunnylven skule. Ikkje uventa vart gåvene tekne i mot med applaus frå elevane. Klatreklossane skal skruvast på det nye gjerde mellom skulen og kjøttvarebedrifta.

Som del av den rause gåva frå «naboen» var også ti fotballar, ein til kvar klasse.

Rektor ved Sunnylven skule, Roar Seljeset tykte det var kjekt at elevar og lærarar vart invitert på grillfest. -Ole Arnstein Ringdal ville at skulen skulle få sin innviingsfest i høve utvidinga til bedrifta og vi planla grillfest i fjor haust, men litt rufsete ver gjorde at det vart utsett til i vår. Vi på skulen er veldig glade for å ha ein god nabo og det nye gjerdet mellom bedrifta og skulen har blitt heilt supert. No gjeld det om å få rusta opp skulen og skuleområdet til like flott standard, sa rektor Roar Seljeset som i høve grillfesten utvida matpausen med eit ekstra kvarter.

Kai Adam, andre klasse og Fredrik fyrste klasse var raskt på veg mot ballbingen for å prøve dei nye fotballane.
Ei kasse med klatreklossar var også del av gåva og skal skruvast på gjerdet av tre i bakgrunnen. Frå venstre Ole Arnstein Ringdal, Lars Kristian Hjelset, Roar Seljeset.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380