Påskemusikal nok ein gong

Palmesøndag fekk mange frammøtte i Sunnylven kyrkje igjen høyre ungdomskoret Joyful framføre påskemusikalen «Har du hørt det».

-Vi går inn i den stille veka og vi er så velsigna at vi har eit kor som minner oss på det som skjedde, sa sokneprest Stein Bernhard Karstensen då han innleia og ønska velkomen til gudsteneste i Sunnylven kyrkje palmesøndag. Koret han sikta til var Joyful med sine leiarar Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.

Ungdomskoret Joyful har framført denne musikalenmange gonger tidlegare, men sjølv om vi har høyrd dei same tekstane og songane frå tidleg på 90-talet  blir det kvar gong ei sterk oppleving. Musikalen er laga av Alf Georg Øvstebrøt og koret kjenner musikk og tekstar godt. Også på palmesøndag hadde fleire av dei 11 korjenter solistroller i musikalen som handlar om frå då Jesus rir inn i Jerusalem og blir fornekta av både læresveinar og av folket. Han blir dømt medan Barabass, ein annan som også er dømt til døden slepp fri. Jesus blir ført til Golgata der han blir korsfest og døyr. Jesus døyr på korset og blir gravlagd, men nokre dagar seinare viser det seg at han har stått opp igjen påskedags morgon.

Takk til Joyful for nok ei stor oppleving, for ei vakker framføring av ei påskefortejing med eit dramatisk innhald. Som bakteppe til desse musikalane står altertavla i Sunnylven kyrkje der motivet nettopp er  «Oppstoda».

Fleire av dei unge kormedlemmane stod fram som solistar og song vakkert fleirstemt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380