Lokalnytt

Rydda i populære turområde

Desse elevane rydda turråsa «Åsen rundt». Frå høgre Anna, Matti, Isak, Sofie, Sigrid Imilie, Natalie, Sara, Johanne og lærar Ruth Hole Aaland.

Ungdomssteget ved Sunnylven skule hadde ryddedag i naturen fredag. Det vart plukka opp plast og anna avfall, og etter ei populær turrås vart kjerr, greiner og anna fjerna.

Ungdomssteget ved Sunnylven skule har jobba med fleire valfag det siste skuleåret. Gjennom «Innsats for andre» har dei vore på omsorgssenteret og i barnehagen, og sist fredag deltok åtte elevar i stor ryddeaksjon i populære turområder i nærleiken av Hellesylt.

Ni andre elevar frå ungdomsskulen hadde «Natur, miljø og friluftsliv» som sitt valfag der dei samla plast og anna uønska rusk i naturen frå badestranda på Hellesylt til Åseneset. Når snøen er borte kjem det ofte fram ting som ikkje høyrer til i naturen.

Blir i naturen lenge

Hellesylt.info var ute og såg om «miljøarbeidarane» fann noko å rydde vekk. Vi møtte fyrst gjengen frå «Natur, miljø og friluftsliv», på badestranda. Etter berre ein liten time var mykje kome i ruskeposane, då hadde dei samla både plast, papir, tauverk og ein del mindre ting.

-Vi ryddar spesielt ting som er skadeleg og som naturen brukar ufatteleg lang tid på å bryte ned, sa faglærar Egil Dolmen. Ei plastflaske vil det ta 400 år, ein bit isopor 600 år. –Då er vi komne tilbake til Svartedauen i tid, sa han.

Eit digert rotna tre låg ove råsa. Her måtte det krefter til for å få vekk, noko Isak t.v. og Matti hadde.

Innom Kurlå på Åserunden

«Innsats for alle» starta frå skulen om morgonen, forbi Korsbrekke, Bergeplassen, Åseneset til Kurlå. Denne råsa er også ein StikkUt-tur der mange går. Her vart det kappa vekk kjerr, greiner som var for nærgåande, og anna rusk i råsa.

Faglærar Ruth Hole Aaland syntes det var drivande flinke elevar. -Dei jobbar, dei viser stor arbeidslyst og får ting unna. Veldig imponerande, det er slike vi treng i små samfunn, allsidige flinke ungdommar.

Etter å ha rydda råsa til Åsen var det matykt med grilling av pølse. Tilbake til skulen skulle dei gå og rydde etter den gamle gardsvegen til Åsen som også er del av den populære turråsa «Åsen rundt».

Desse rydda søppel i naturten, frå høgre Ida-Susann, Ådne, Lone, Sverre Martin, Hanne, Renate, Inga, Johan Marius, Olai og lærar Egil Dolmen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380