Seriøse og greinalause «Bygdarar»

Sist «Bygdarane» serverte program på gredakvelden var i 2016. Då «fanga» vi dette bildet i eit sceneinnslag. Er klemoten like flott og fargerik i år?

Laurdag 13. april er det klart for årets morokveld på Hellesylt. Då inviterer Hellesylt Ungdomslag og «Bygdarane» til den 42. grendakvelden i Sunnylven.

Grendakvelden brukar alltid å fylle storstova i Sunnylven. Slik blir det nok også i år når Hellesylt Ungdomslag har gjeve «Bygdarane» oppdraget med i «snikre» saman sceneinnslaga på årets grendakveld. Underhaldninga på desse kveldane brukar å konkurrere ut både TV og andre tilstelningar i nærområdet og har gått på omgang mellom bygdelaga i Sunnylven, Dalen, Bygda og Sentrum. Laurdag 13. april er det klart for ei ny episode med siste nytt frå «dalstrøket innafor».

Vi var innom øvingslokalet ein snarvisitt før den store kvelden. Og Bygdarane har mobilisert, både unge og litt eldre. Spesielt la vi merke til at mange unge var klare for deltaking i programmet.

-Vi ligg veldig godt an, og mange ungdomar har gjort ein kjempejobb med programmet, fortalde Barbro Lade.

-Kva har de lokka dei med då for å få dei med?, spurte vi.

-Ingen ting, grendakveld er stikkordet, det er nok, det held i massevis.

Barbro Lade er ei av fleire som har brukt penn og papir og sett saman eit underhaldningsprogram som mange bør få med seg. Om innhaldet fekk vi vite lite, men kjærleiken til bygda går igjen. Og når det blir laga innslag av aktørar frå den grøderike jordbruksbygda er sjølvsagt mat og drikke, husdyr, eller var det kjæledyr med i innslaga. Det blir også forteljingar om befolkning, grønt skifte og ei reise frå Vollset til Hellesylt, ikkje nedover, men i motebakke, og mykje, mykje meir. Mellom anna viser med så flott tekst at det rører aktørane til tårer, fekk vi oss fortalt.

Det høyrest ut som programmet på årets grendakveld skal bli både seriøs, men også litt, kanskje mykje greinalaus. Så stram magemusklane, det kan bli både mange og lange latterkuler i halvannan time laurdag 13. april. Og ein ting lova vi å minne om, publikum bør ha med seg solbriller.

Etter programmet blir det som vanleg mat, kaffi og dessert før dansebandet Contrazt også i år spelar opp til svingom. For billettprisar og andre opplysningar, sjå «Kva skjer på Hellesylt» på nettsida si framside.

Høyr dansebandet Contrazt : https://www.youtube.com/watch?v=hwzjIhFVJXE

Her er nokre av årets «Bygdarar» samla til fyrste øving på samfunnshuset.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380