Notiser

Siste Kløvertur denne våren

I kveld inviterer Sunnylven sanitetslag til siste Kløvertur denne våren, kort trimtur i og ved Hellesylt.

I kveld onsdag 10. april blir det ny Kløvertur på Hellesylt. Oppmøte er ved Sunnylven kyrkjelydshus klokka 18.00, og frå der går rusleturen til Shell-kaia og tilbake, eller så langt kvar enkelt orkar. Etter turen serverer sanitetslaget god og næringsrett kveldsmat på kyrkjelydshuset.

Sanitetslaget har arrangert tre Kløverturar tidlegare der rundt 25 unge og eldre har delteke kvar gong. Veret ser ut til å vere på arrangøren si side når siste tur denne våren går i kveld med start kl. 18.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380