Skal teste varsling av fjellskred
Åknes/Tafjord Beredskap vil torsdag 2. mai teste ut varslingssystemet for eit eventuelt fjellskred i Storfjordområdet. Det er ikkje endra bevegelsar i fjella så varslinga er ei prøv.
Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending.
Dette er pressemeldinga som er sendt ut i samband med varslingsprøva:
-ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane. Torsdag 02. Mai mellom kl. 15.00 – 15.30, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingssystema.
Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon. I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune, samt delar av Sykkylven kommune. Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no
Vi oppfordrar til å informere barna om denne testen på førehand.
Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette. ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.
Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 48503988