LokalnyttLokalsport

Skyttarstemner i Hyttehola

 

Laurdag har skyttarlaget sitt årlege opne feltstemne for både lokale skyttarar og tilreisande skyttarar. Måndag i påskeveka er det lagsmeisterskap i feltskyting. 

Av Ola Vangen.

Det blir i år som i fjor, skyting på elektronikk både på finfelten og grovfelt. Er det nokon som er interessert i å delta på dette så vil stemnet bli arrangert mellom kl 11.00 og 15.00. Vi skal alltids finne ein ledig plass til dei som vil. 

Jegerar skyt grovfelt og det vil vere på figurar som er plassert mellom ca. 150 – 310 m. Dette er eit 30 skots stemne, og kan telje som dei 30 obligatoriske prøveskota til storviltoppskytinga. I tillegg til skytinga så er det også kiosk og publikumsvisning på prosjektor der tilskodarar kan følgje med på skytinga. I kiosken er det også sal av middag. 

Måndag 15. april arrangerer Sunnylven skyttarlag lagsmeisterskap i feltskyting. Dette er eit arrangement kun for dei som er medlemer i skyttarlaget. Det vil bli skote på dei same skivene som feltstemnet på laurdag, dette er også 30 skot. Skytinga måndag starter ca. kl. 17.30, og påmelding skjer på standplass.

 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380