Softis-sesongen i gong

Tahir Øcal har tappa enno ei softis frå maskina. Denne kjøparen valde sjokoladestrø. Vi veit at det smaka fortreffeleg.

Med sol og sommarvarme er softis-sesongen i gong for fullt. Ved Øcal Pizzarestaurant på Hellesylt starta den like før påske.

Det har blitt mange kjøparar av softis alt, både unge og eldre. Og det går unna både i beger og kjeks, og så med litt pynt på, fortel Tahir Øcal. Han kan by på fire smakssortar, jordbær, krokan, sjokolade og tuti-frutti. –Vi kjem til å selje softis lenge, i alle fall til oktober og kanskje enno lenger om veret held seg varmt og fint.

Markerer 20 år.

Tahir Øcal minner oss også på at fyrste laurdag i mai blir det stor feiring ved restauranten. I år er det 20 år sidan «pizzabakaren» frå Tyrkia kom til Hellesylt og starta den populære restauranten like ved Hellesyltfossen. Laurdag 4. mai skal 20 år på Hellesylt markerast med gratis kaffi og kake til alle som kjem innom på dagtid. Det blir sjølvsagt også høve til å kjøpe både pizza og andre matrettar, og softis.

På kvelden denne laurdagen kjem trubadur Tico for å spele og synge til underhaldning og skape stemning ut i dei små timar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380