Lokalnytt

Stranda Hamnevesen mot rekordsesong

Stranda Hamnevesen KF og hamnesjef Rita Berstad Maraak går mot ein sesong med rekordmange cruisebåtar til både Geiranger og Hellesylt.

Stranda Hamnevesen KF er klar til ein rekordsesong. Lista over cruisebåtanløp inneheld 222 til Geiranger og 144 til Hellesylt. I førebuingane skal også gjennomførast ei beredskapsøving 6. mai.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak ønska vel møtt til over 30 frammøtte på selskapet sitt informasjon/dialogmøte måndag 1. april. På Peer Gynt galleriet, Hellesylt var fleire frå styreleiinga, kommunen, frå kystverket og andre innan turist –og reiseliv i kommunen til stades.

Det skjer mykje i området vårt om dagen så det er viktig å halde seg oppdatert, sa Berstad Maraak. Hamnesjefen var godt førebudd og i sitt innlegg fortelje ho om oppgåvene til Stranda Hamnevesen KF og viste til tabellar over anløp, passasjerar frå cruisebåtar, ferjer og anna båttrafikk på fjordane det siste året.

Tenkjer miljø

Det var positive tal, men ho kom også inn på dei vanskelege og utfordrande tinga som ventar. Stortinget sitt anmodningsvedtak om nullutslepp kunne bety null cruisebåtar til Geiranger og Hellesylt etter 2026. Batteri, hydrogen eller atom var i tilfelle einaste alternativet, sa Berstad Maraak. Ho hadde eit ønskje om landstraum, men det er vel neppe realistisk på Hellesylt i nær framtid etter olje –og energidepartementet sine vedtak sist veke.

-«Forandre for å bevare» er kvardagen til Stranda Hamnevesen, vi har vilje til samarbeid for å finne gode løysingar og vil utviklar oss slik at miljøet blir teke vare på, då blir også arbeidsplassane redda. Og det er viktig å utvikle både Hellesylt og Stranda som destinasjonar. Geirangerfjorden er overfyllt så bruk Hellesylt og ta turar til Stranda, Norangsdalen eller andre stader, sa ho.

Også Hellesylt og Stranda

Rita Berstad Maraak hadde eit lite alvorsord til media og den digitale verden som omtala forureining og miljøproblem ukritisk og der det vart brukte bilete frå ulike situasjonar. Slike utspel kunne vere utfordande å takle.

Sjøtrafikken var Hamnevesenet sitt ansvarsområde, men Stranda Hamnevesen er også opptekne av samarbeid til landbaserte næringar og bedrifter med tilbod av lokale produkt. Og ho rosa elevar ved Stranda vidaregåande skule som hadde utarbeidd appen Ibsen Hellesylt. Dei hadde vore kjempeflinke, sa ho og oppmoda om å laste ned appen.

Beredskapsøving

Måndag 6. mai blir det gjennomført ei beredskapsøving i Stranda Hamnevesen for sjette året på rad. Øvinga er ein indikasjon på kor godt førebudd Hamnevesenet er om kritisk situasjon skulle oppstå, sa hamnesjefen. Øvinga er lovpålagd og spelar på hendingar som kan oppstå. Med på øvinga er mannskap frå kommune, politi, Geiranger Fjordservice, i tillegg til personell frå Stranda hamnevesen. Kanskje burde også beredskapsgruppa i Sunnylven sanitetslag vere med?

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380