Lokalnytt

Svingande frå Kviven duo

Det er alltid triveleg å høyre Britt Pernille Frøholm til venstre og Jorun Marie Kvernberg spele folkemusikk. Torsdag gleda dei bebuarane på Sunnylven omsorgssenter.

Kviven duo starta på sitt «vårslepp» av konsertar på Sunnylven omsorgssenter torsdag. Dagen etter skulle Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg ta turen til Paktarstova i Norddal.

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal og Jorun Marie Kvernberg, busett i Volda, men opphavleg frå Fræna er begge tradisjonsberarar av folkemusikk. For eitt år sidan starta dei gruppa Kviven duo. Kviven heiter også grensefjellet mellom dei to kommunane Hornindal og Volda som snart blir ei og skal samarbeide. Dei to felespelarane var i framkant over den gamle kommunegrensa med sitt musikalske samarbeid.

Torsdag i kaffitida heldt Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg konsert i daglegstova på Sunnylven omsorgssenter. I nær ein time vart folkemusikk formidla av to anerkjente og dyktige musikarar på sine instrument. Britt Pernille har hatt konsertar på omsorgssenteret på Hellesylt tidlegare og vi har møtt begge på konsertar i Lensmannsstova på Lillebø.

Fela i pant

Britt Pernille og Jorun Marie hadde leita fram slåttar etter spelemenn frå Nordfjord og Sunnmøre. Til kvar slått fortalde dei litt om spelemennene, og om det tøffe livet mange hadde med lite pengar. Som spelemannen Jeremias Tenden, han hadde ikkje pengar å betale for seg så han la att fela som pant og skulle kome tilbake å gjere opp og hente fela seinare. Han kom aldri og han døde tidleg. Fela hamna i Volda og er i bruk i dag, fortalde dei to.

Fingerleik på fire strengar

Som ved tidlegare høve vart det ei musikalsk glastund som vi såg at pensjonistane sette pris på. Det fall mange rosande kommentar etterpå både for val av slåttar, spelegleda dei to viste og ikkje minst sjå leikne fingrar og feleboge i samspel gje så flotte tonar frå fire strengar. Det kribla visst litt i dansefoten også til enkelte, og musikken fekk fram gode minne, for vi høyrde prat om dansar på ungdomshus i gamle dagar der dei svinga seg til nettopp folkemusikk.

No vart det ingen svingom på omsorgssenteret, men dei to musikarane fekk stadig applaus. Og ros gjekk også andre vegen. –Det var ei kjekke stund, og så fint eit publikum, sa Britt Pernille Frøholm. Nest år kjem duoen ut med ny plate.

Det var godt frammøte i daglegstova på omsorgssenteret der Kviven duo hadde konsert med slåttar frå Nordfjord og Sunnmøre.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380