Notiser

Tid for påmelding til påske-Quiz

Måndag 15. april blir det påske-Quiz på Peer Gynt galleriet. Hugs påmelding, seinast søndag kveld.

Tradisjonen tru blir det påske-Quiz på Peer Gynt galleriet på Hellesylt. Den uhøgtidlege kunnskapstesten blir måndag i påskeveka.

Også denne gongen er det Arild Ringdal og Egil Røyrhus som har leita fram og presenterer spørsmåla. Opplegget for årets påske-Quiz er som før med to rundar spørsmål om alt mogleg, hummar og kanari som quizmaster Arild brukar å kalle det.

Det kan vere inntil seks personar på kvart lag og pris pr. deltakar er sett til 100.- kroner, opplyser styremedlem i Peer Gynt galleriet Lena Parr. Ho fortel at dørene opnar kl. 19.00 og at quizen startar ein time seinare. Men Lena presiserer at påmelding er viktig, og før søndag 14. april kl. 23.59.

-Alle som vil delta skal få plass, men vi ønskjer å ha oversikt over påmeldte lag slik at vi får ordne med bord og stolar til alle. Og den som melder seg på fyrst får gjerne beste plassen, så ikkje nøl med å ringe: Arild Ringdal, mob. 906 82 399, er oppfordringa frå Lena Parr.

Det blir premiering av beste lag og kanskje nokre overraskingar. Sjå og kalendaren på www.hellesylt.info, «Kva skjer på Hellesylt?».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380