Til finalen i Veslefrikkprisen og Årets U-trykk 2019!

Sunnylven skule har vunne Veslefrikkprisen før. I 2017 kom desse elevane heim med prisen etter å ha laga ein komposisjon som vart nytta i Oslo rådhus sitt klokkespel gjennom sommaren.

Elever ved 1. og 2. klasse på Sunnylven skule er finalister i den nasjonale komposisjonskonkurransen Veslefrikkprisen 2019. I tillegg har to grupper frå Sunnylven ungdomsskule komne til finalen i Årets U-trykk.

Ein jury av komponistar, musikarar og pedagogar er imponert av musikken borna og ungdommen på Sunnylven skule har laga. – Juryen er overveldet over responsen rundt Veslefrikkprisen og Årets U-trykk og syns det har vært utrolig spennende å få anledning til å høre så mange gode komposisjoner fra hele landet. Komposisjoner har strømmet inn og i år var enda flere barn involvert enn i fjor.

I år var det fyrste gang «Årets U-trykk» blei arrangert. Komposisjonane syner stort engasjement og herleg skaparglede. Mange av komposisjonene får også lytteren til å tenke, det handler ofte om djupe og sterke tema med rom for både ettertanke og inspirasjon, uttalar juryen.

Finalistane

Silje Stadheim er lærar i 1. og 2. klasse og Evgenij Zhukov for 8. 9. og 10. trinn ved Sunnylven skule. -Vi er stolte over at vi klarte å lage ein flotte komposisjon saman, seier dei.

Dei seks finalistane i Veslefrikkprisen er fra Opedal skule, Nylund skole, Stamnes skule, Bjerkely skole, Opphaug skole og Sunnylven skule. I finalen i Årets U-trykk deltek Sunnylven skule med to bidrag, Knapstad Ungdomsskole, Stranda ungdomsskule, Samfundets skole Egersund og Atlanten Ungdomsskole. Vinnaren blir kjent på prisvinnarkonserten 10. mai.

Prisvinnarkonsert med NRK Kringkastingsorkestret (KORK)

Over 2.500 born og ungdom har delteke, og å nå opp i konkurranse mellom så mange er imponerande. Fredag 10. mai kl. 12.30 er det klart for fest i NRK Store Studio. Då vil Veslefrikkprisen og Årets U-trykk 2019 bli delt ut og vinnarane får fremføre sin eigen komposisjon i samspel med NRK Kringkastingsorkestret! Konserten blir strima live på www.skapia.no.

Veslefrikkprisen blei delt ut første gang våren 2015 der kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte: -Veslefrikkprisen bidrar til at barn og unge får oppleve gleden ved å skape musikk, uttrykke seg og forstå hvor fint og viktig det er å være kreativ.

Komposisjonskonkurransen Veslefrikkprisen blir arrangert av Stiftelsen Skapia.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380