To har søkt stillinga som sokneprest

Sunnylven kyrkje (Foto frå arkivet)

Frå nyttår får Stranda og Sunnylven felles prest. Då søknadsfristen gjekk ut 31. mars hadde to søkjarar meldt seg.

Frå prost Svein Runde i Austre Sunnmøre prosti får vi opplyst at dei to som har søkt stillinga som sokneprest i Stranda og Sunnylven er; Benjamin Bjørnsen Anda 25 år frå Oslo, og Roar Holte 44 år frå Stranda.

Benjamin Bjørnsen Anda er nyutdanna, ugift, og har jobba som ferievikar i Ålesund fleire somrar. Med andre ord kjenner han både naturen og folket på Sunnmøre frå tidlegare og ønskjer seg tilbake.

Roar Holte jobbar og bur på Stranda. Han har vore lærar i matte, naturfag og økonomi på Vestborg vidaregåande skule frå 2016. Han har teologiutdanning, har familie og har kjøpt seg hus på Stranda der dei likar seg godt.

Tilsetjing i mai

Prost Svein Runde seier at det no blir intervju med dei to søkjarane i neste veke. Deretter leverer innstillingsrådet si anbefaling til bispedømmerådet i Møre som tilset den nye presten i Stranda og Sunnylven på mai-møtet.

Under same utlysingsrunde vart det søkt etter kyrkjelydspedagog med ansvar for kristendom/trusopplæring i kommunane Stordal, Norddal og Stranda. Her kom det inn fire søknader og der det blir tilsetjing i løpet av kort tid, fortel Runde

Alltid hatt søkjarar

Sven Runde er glad for at det kom søkjarar til stillinga som prest i Stranda og Sunnylven. Det var søkt om prest til Stordal og Norddal samstundes, men der kom ikkje søkjarar.

Svein Runde fortel at det alltid har kome søkjarar, og ofte mange når Sunnylven og Geiranger, som vart eige prestegjeld i 1861 søkte etter prest. I jubileumsboka for Sunnylven kyrkje, «150 år med kyrkja vår» står å lese at då Nils Høimyr slutta som prest i 1934 melde det seg 57 søkjarar. Gunnar Kvarstein vart tilsett, og då han slutta i 1941 melde det seg 50 søkjarar. Neste gong stillinga som sokneprest vart utlyst i 1954 kom det åtte søkjarar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380