Lokalnytt

17-mai program 2019

Nasjonaldagen 17. mai blir feira på tradisjonelt vis i Sunnylven. Programmet for dagen foregår på Hellesylt.

Her er det oppsette programmet for fredag 17. mai. Arrangør er Sunnylven IL.

08.00 Vi heiser flagget

10.45 Skuleelevar legg ned krans ved minnetavla til dei falne ved kyrkja.

11.00 Festgudsteneste i Sunnylven kyrkje ved prost Svein Runde. Sunnylven skulekorps. Joyful.

11.45 Barnetoget går frå kyrkja om Peer Gynt Galleriet, til omsorgssenteret og vidare til skulen.

Oppstillng av toget:

*Flaggborg

*Sunnylven skule

*Skulemusikken

*Barnehage

*Lag og organisasjonar

12.30 Sal av mat og drikke på samfunnshuset

13.00 Barneleikarringen opptrer ved omsorgssenteret.

13.30 Leik og konkurranse for barn og vaksne.

15.00 Samling på samfunnshuset.

*Sunnylven skulekorps

*Tale for dagen ved elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule

*Dans ved barneleikarringen

*Musikkinnslag

*Allsong

Det blir ikkje sal av mat under samlinga på samfunnshuset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380