Notiser

4H-Fylkesleir på Gjermundnes

4H leir på Gjermundnes (Pressefoto)

4H Møre og Romsdal har fylkesleir på Gjermundnes vidaregåande skule i tida 27. – 30. juni. Her blir det tevlingar, aktivitet, teltliv og mykje anna moro.

Pressemelding frå 4H

Anna Kristine Nisja (16) frå Fossekallen 4H på Sunndalsøra er sjef for årets fylkesleir, ei oppgåve ho ser fram til med både spenning og glede. – Fylkesleiren på Gjermundnes i år, er årets høgdepunkt for mange av oss i 4H. Det er der vi endeleg kan få møte gamle venner og få nye, smiler Anna Kristine og tenkjer tilbake på tidlegare leirar. Anna Kristine er ein erfaren leirdeltakar og har delteke på leirar i fylket, nasjonalt og for deltakarar frå heile Norden.

Aktivitetar og tevlingar

Fylkesleiren er fast på Gjermundnes Vidaregåande skule annakvart år, med aktivitetar, konkurransar og mykje sosialt på menyen. På leiren er det deltakarar frå 10 år og oppover som får oppleve korleis det er å bu i telt, vere saman med andre 4H-arar og ha det moro frå tidleg morgon til seine kvelden.

– Temaet for leiren i år er barnebursdag, sidan MORAL (Møre og Romsdal alumnklubb) blir 40 år, så derfor skal vi feire dei på leiren vår i år. Vi startar torsdag med opningsseremoni med besøk av ordføraren frå Vestnes som skal opne leiren for oss og så blir det bli kjent leikar. Fredag er aktivitetsdag, der kvar og ein dreg ut på forskjellige aktivitetar som dei har valt når dei melde seg på, alt frå Frisbeegolf til Vikingaktivitet og mange fleire. Laurdag er det tautrekking og volleyballturnering. Søndag er det klubbstafett og opprydding. Om kveldane er det miljøtorg og sosialt, fortel Anna Kristine Nisja.

Gøy på leir
-Grunnen til at leir er kjekt er for det sosiale og opplevinga, og alle minna og vennene eg har fått, seier Anna Kristine.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380