Notiser

Aktivitetsdag

Sunnylven skule brukte det «store» klasserommet tysdag. Det var aktivitetsdag med mykje moro på uteområdet.

Vi var innom skuleområdet og registrerte stor aktivitet på heile uteområdet. Det var natursti, balansekunst, ballkasting på metallboksar og anna. Og i ballbingen vart det sparka fotball mot ein plastduk med hol som gav poeng. Aller gjevast var om ballen traff i det minste, runde holet, det var «lykketreffet».

Men det var oppgjøret på volleyballbana som fanga mest merksemd, trur vi. Dette årlege oppgjøret mellom elevar og lærarar på skulen sin aktivitetsdag vart fylgd med stor interesse, og det var liten tvil om kven som fekk mest jubel. Det var dei «svartkledde» med nummer på ryggen og ei slags krigsmåling i ansiktet. Vi trur dei vann også, i år som i fjor og som alle år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380