LokalnyttLokalsport

Attval i skistyret

Anniken Hjellbakk Hole held fram som nestleiar i styret for skikrinsen. Toppvervet har Astrid Eide Stavseng, Liabygda IL. (Foto frå arkivet)

Det vart attval av toppleiinga i Møre og Romsdal skikrets på krinstinget som vart halde på Romsdalsmuseet, Molde sist helg.

Astrid Eide Stavseng, Liabygda IL held fram som leiar i styret. Attval vart det også på Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL som nestleiar. Andre styremedlemer vart:

Geir Eide, Spjelkavik, Petter Myrset MOI, Bjørn Nord, Rauma, Ingrid Kjølseth, Rival, og Gunnar Torset, Torvikbukt.

Desse skal styre ein av dei minste, men svært allsidig skikrins i landet. Utøvarar frå Møre og Romsdal hevdar seg i toppen i fleire sportsgreiner, og nye talent dukkar stadig opp. Under krinstinget vart det delt ut bestemannsprisar til seks utøvarar i alder 15 – 16 år som hadde gjort det godt sist sesong.

Mellom dei var to frå Stranda IL, Ingrid Fauske Dalen i alpint og Hedda Schreijer i langrenn. Dei andre var Kaia Husvik og Sverre Alme i telemark frå Eidsvåg IL, Johan Orset, kombinert og Torvikbukt IL, og Tobias Nakken i langrenn frå MOI.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380