Lokalnytt

Bergly, bygdestove for folkerike festar

Forsamlingshuset Bergly, med Frøysa i bakgrunnen.

Bergly, huset som vart reist på tomta som Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining fekk av gardbrukarar på Frøysa, vart nytta av fleire lag med åra, mellom anna misjonsforeiningar og 4H.

I det nye, flotte forsamlingshuset var det stadig tilstellingar og møter med både lokale og tilreisande underhaldning, og det var basarar til inntekt for huset. Inngangspengane på arrangement var av det rimelege slaget, eksempelvis kosta det i 1962 berre 3.- kroner for vaksne og 1.50 for born å kome inn på haustfesten til foreininga. Det året fekk dei frammøtte høyre Norwall Hessen halde festtale, det var opplesing, og song av eit skulekor.

Møterommet i Bergly har ljose fargar og på veggane heng fleire bilete med kristne motiv.

Elektrisk ljos

Like variert og godt program var sett opp til julefest fjerde juledag same året. Her vart det nytta yngre krefter mellom medlemane, det var nytt frå den handskrivne lagsboka «Samhald», song og musikk, og mykje gong kring juletreet som hadde elektriske ljos. Og på denne festen var inngongspengane enno rimelegare enn på haustfesten, berre 1.50 for vaksne og 1.00 kroner for born.

Vedfyring

Bergly fekk installert elektrisk kraft i 1954, betalt med overskot frå basar og innsamling mellom bygdefolket. Varmen i lokalet var framleis frå den store vedomnen, for det var rimelegast. Men det kunne vere utfordrande å halde temperaturen brukbar i det dårleg isolerte lokalet. Ein vinterdag i 50-åra under ei morsdagfeiring var det 20.0 kuldegrader ute. Det var ikkje venta mange til festen denne dagen grunna det kalde veret, men det kom nesten 60 personar, står å lese i møteboka. Elektrisiteten er i dag fråkopla huset.

På kjøkkenet er framleis koppar og kar, merka med foreininga sitt namn

Stort krinsstemne

I 1939 var det krinsstemne for ungdom på Hellesylt, og medlemer frå Bergly var aktivt med i arrangementet. Stemne varte i to dagar og samla over tusen personar, står å lese i eit attersyn skrive til foreininga sitt 100-års jubileum i 1991. Vi les vidare:

-Alt laurdag føre middag var den fyrste motorbåten komen til Hellesylt, og seinare kom det båt etter båt. Det var meldt inn 800 medlemer frå tretti lag til stemnet, men det kom mange fleire, langt over tusen. Mange hjelpte til med arrangementet, ikkje minst gjekk det med mykje mat. Vi kjøpte ein okse på 180 kilo. Av den fekk vi 135 kilo kjøttdeig som vart til rundt 800 middagsporsjonar som vart servert på ungdomshuset og kommunehuset på Hellesylt. Prisen for ein middag var 1.25 kroner.

Om talaren var langdryg kunne tida trøytast med kunstferdige rit i benkeplatene.

Andre brukarar

I 1924 vart lokala i Bergly brukt til framhaldskule. Her gjekk 18 elevar som hadde Johannes Kjellstad som lærar. Han var det året ferdig utdanna som lærar og dette var fyrste jobben hans.

Seinare hadde dei to 4H-klubbane i Sunnylvsbygda, Varden 4H og Kvikk 4H sine haustfestar med utstilling her i fleire år. Men den store brukar av huset utanom den Kristelege ungdomsforeininga var misjonsforeiningar, og då spesielt Hauge og Frøysa kvinneforeining. I Bergly vart det årlege utsalet halde med auksjon av gjenstandar, «oppbyggjande» programinnslag og mat og kaffi. Både andakt og song høyrde med, og på krakken ved det gamle orgelet sat Støle-Marie og spela og sveia i takt med trøinga.

Mange kom til «utsalet»

Det var ikkje få ting auksjonariusar gjennom ein tidsbolk på 50 år, Elias Helset, (Ellend-)Jon Frøysa og Torvald Hauge skulle klubbe igjennom på desse utsala. Gevinstsnora av strikka plagg og andre handarbeid var lang etter damene sitt vinterarbeid på foreiningsmøta. Framleis står dei store krokane for gevinstsnora skrudd inn i veggane i Bergly. Dette var årlege høgtidsdagar for misjonsvenene der damer og menn, unge og eldre frå heile Sunnylven trassa ver og vind for å kome seg til det vidgjetne utsalet.

I huset ligg mange sangbøker der fleire er i ferd med å opne seg sjølve for ny bruk.

Kortaste veg

Mange skulle gjere vegen dit kortast mogleg, og det kunne gå på helsa laust. Det er fortalt at ei dame som skulle ta snarvegen over flata på Frøysa såg ikkje gjødseldungen som bonden hadde køyrt ut grunna eit lite snøfall og gjekk seg inn i gjødsla. Ho måtte heim for å skifte. Og eit anna år i snøføyka lenger ute på Frøysaflatene hamna to karar i ei grøft som var overdekt med snø. Dei kom seg opp etter litt kaving i laussnøen.

Utsala til Hauge og Frøysa kvinneforeining vart siste åra haldne i grendahuset på Hauge. Tidleg på 90-talet vart foreininga nedlagt, og dermed var det slutt på dei mykje omtykte «utsala».

Lange leiarperiodar.

Mange var leiarar i Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining, og fleire av dei i lange periodar. Lærar O.M. Hauge som skipa foreininga var leiar i nesten 40 år. Andre i kortare periodar var sokneprest Nils Høimyr, sokneprest Gunnar Kvarstein, pastor A.M. Ringdal, Anna Hole, lærar Peder Kristian Frøysa hadde fleire periodar som leiar, og det same hadde Ole Karl Helbostad. Siste styreleiar var Georg Bjørdal, og han sat i jobben i 17 år.

Det gamle trøorgelet vart utslitt og skifta ut. Men orgelkrakken er kan hende den same som Marie og andre organistar sat på.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380