Besøkte «Maiblomst-standen»

Leiar i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim hadde ei spanande historie å lese til besøket frå SFO.

Sunnylven sanitetslag hadde bra sal av maiblomst på standen sin i Hellesylt sentrum i veke 19. Som fortalt tidlegare går inntektene av dette salet til aktiviteten Lesevenn.

Medlemer frå sanitetslaget er på Sunnylven skule og held lesestund saman med elevane, ofte nokre timer kvar veke.

Då laget hadde sal av vaflar, kake, kaffi og maiblomst i Hellesylt sentrum, heldt dei like godt lesestunda ute. Elevar frå SFO kom innom staden og kosa seg i det fine veret, der dei bytte ut skulepultar med rastebord

Og her vart det ei spanande stund, for sanitetsdamene las frå boka Klassetjuven. Forteljinga handla om nokon i ei klasse som stal, og fire venner ville prøve å løyse mysteriet. Det var ei spanande historie som fenga elevane. Etter lesestunda spanderte sanitetslaget saft og kake på dei unge frå SFO.

Seinare same dag vart den lokale Jentebylgja arrangert, eit trimtiltak i samarbeid mellom Sunnylven IL trim, og Sunnylven sanitetslag. For dei som var med på den 5.0 km. lange turen vart det ein triveleg trim i fineveret.

Nokre av deltakarane i Jentebylgja nær Stadheim der det var retur tilbake til Hellesylt stadion.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380