Lokalnytt

Det store fotomotivet

Hellesyltfossen med Sunnylvsfjorden i bakgrunnen.

Same kva ver der er, det store fotomotiva på Sunnmøre er Hellesyltfossen. Midt i Hellesylt sentrum og mellom to bruer, Høge bru frå 1907, og Hellesylt bro frå 1902 veltar vassmassane seg ned etter blankslipa gråberget.

På dagar med mange reisande med ei av turistferjene, og for ikkje å snakke om når cruisebåtar vitjar turiststaden, då blir det trangt på Hellesylt bro. Alle vil ha eit foto av den spesielle og flotte naturattraksjonen. Og det er forståeleg, for det er eit fasinerande syn om våren og tidleg på sommaren i den store snøsmeltinga.

Akkurat denne dagen var dei få, men slik kan det sjå ut på Hellesylt bro i sommarhalvåret.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380