Devold søkjer sommarhjelp

Devold sin sommarbutikk på Hellesylt ligg vakkert til i sentrum, like ved Hellesyltfossen og ferjekaia.

Sommarutsalet til Devold Outlet på Hellesylt søkjer etter sommarhjelp i tre månader frå juni til slutten av august.

Heilt frå 2007 har Devold hatt sommarutsal av gensarar, jakker og ande kvalitetsprodukt av ull i dei gamle meierilokala like ved Hellesylt bro. Der har turistar og fastbuande funne seg festplagg og anna nyttig bekledning i mange fargar og storleikar.

Det var to jenter frå Langevåg, Line og Camilla som styrte «butikken» fyrste året og dei kunne fortelje om mange kundar og stor interesse for kvalitetsprodukta, mellom anna til avisa for Sommardagar på Hellesylt. I åra etter har utsalet vore ope kvar sommar.

Sommarjobb

Frå fyrst i juni i år skal butikken i dei gamle meierilokala opnast på nytt. Devold søkjer no etter sommarhjelp i tre månader, frå juni til slutten av august. Søkjar må vere over 18 år, kunne snakke både norsk og engelsk, vere positiv, ansvarsfull, arbeidsam og ivareta butikken og Devold sin profil på beste måte. Opningstider ved utsalet er frå kl. 10.00 til 18.00 kvar dag.

For spørsmål /andre opplysningar, eller søknad, kontakt butikksjef Renate Håvik, tlf. 471 69 846, e-post: renate@devoldretail.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380