Dugnad på kyrkjelydshuset

Styret i Sunnylven kyrkjelydshus har sett opp ei liste over ting som treng utbetring, og håper på hjelp frå bygdefolket.

Sunnylven kyrkjelydshus treng litt vedlikehald, både inne og utvendig. Styret håper bygdefolket vil hjelpe og kallar inn til dugnad tysdag 11. juni.

Sunnylven kyrkjelydshus stod ferdig og opna 29. september 1996. I åra frå då har det blitt utført mykje vedlikehald, men no står nye ting for tur, både inne og ute. Det håper styret å få hjelp med av bygdefolket og kallar inn til dugnad 11. juni kl. 17.30.

I oversikten frå styret over arbeid står slik:

*Mur og treveggar må reingjerast med høgtrykksspyler slik at dei seinare kan slemmast og målast.

*Flatt tak og fortau skal spylast og reingjerast. Også takrenner må reingjerast og justerast der det er feil hellingsvinkel.

*Kratt på baksida av kyrkjelydshuset må klippast og utvendig trapp bak huset må kontrollerast slik at den er trygg som rømingsveg.

*Ventilasjonspumpa skal demonterast og takast ut.

*Ryddedugnad på loftet.

Styret skaffar til vegs naudsynt reiskap, og det blir servert ein matbit på dugnadsfolket. –Du treng berre «ta med» deg sjølv, heiter det frå styret i Sunnylven kyrkjelydshus.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380