Fann go`saker på frukttre
I Hellesylt Bygdetun er alle frukttre i hagen skada. Hjort har beita ulovleg og forsynt seg alt for godt av barken på trea.
Alle frukttre i hagen ved Hellesylt Bygdetun står i full bløming i desse dagar. Men truleg er det siste våren det skjer, for hjort har forsynt seg og ringbarka grundig. Alle står der med ei kvit trestamme, og vil nok ikkje overleve grunna skaden. No er det nok siste «safta» som gjer at epletrea blømer, men vakrare enn nokon gong i den grøderike hagen.