Lokalnytt

-Feirar ikkje med militærparadar

Som tidlegare år var det elevar frå 10. klasse som heldt festtalen under fokefesten i Sunnylven 17. mai.

Åtte elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule heldt tale for dagen under folkefesten i Sunnylven 17. mai.

!7. mai er ein dag der vi feirar friheit, likheit og brorskap, og ikkje minst kjærleiken til landet vårt, sa fasttalarane som i tur og orden bar fram kvar sine avsnitt av årets festtale. Dei minte om at på 17. mai må vi ikkje gløyme alle som har hjelp oss til vår friheit, og kjempa for at landet skulle få behalde sitt demokrati.

-Ikkje alle i verda kan glede seg over å ha eit slikt styresett, det vi tek som ein sjøsagt ting. Vi treng ikkje store militærparadar, vi går i staden i barnetog slik Henrik Vergeland ville vi skulle gjere.

Og vi er saman med vener og familie og feirar nasjonaldagen. Men nokre er også sjuke og av andre årsaker ikkje kan vere med på feiringa, og vi er blitt eit fleirkulturelt samfunn. Også alle desse må vi støtte, tenkje på dei, og lære oss å leve saman med dei. Vi må leve i fred og forsoning og ta vare på landet vårt, var oppmodinga frå festtalarane, elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule.

Som takk for den gode, reflekterte tala overrekte Per Ingebrigt Karbø eit lite økonomisk bidrag til reisekassa og den planlagde klasseturen for elevane til Trondheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380