Fyrste fotballturnering

Her er laget som gjorde det godt i turnering på Stranda stadion. Frå venstre: Fredrik, Therese, Ane, Erle, Siril og Kai Adam.

Sunnylven Jenter 8 år deltok i fotballturnering på Stranda stadion laurdag 11. mai. Veret var ikkje det beste, men resultata varma både laget og ein ivrig heiagjeng.

Jenter 8 år spela tre kampar, mot Ørskog, Blindheim og Stranda. Det vart tre sigrar og totalt 11 – 3 i målprotokollen. Ei turnering der fotballspelet vart betre for kvar kamp, og som var underhaldande for supporterar på sidelinja.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380