Gode i Lerum-cup

Brørne Ørjan, Isak og Kristian, Frøysadal Hauge har levert flotte skyteresultat på dei siste stemna. (Foto: Privat)

Det har vore arrangert Lerum-cup i skyting i saftbygda Sogndal. Og her gjorde nokre av skyttarane frå Sunnylven skyttarlag det ekstremt godt. 

Av Ola Vangen

Cupen er på fem skytestemner som blir arrangert av skyttarlag som ligg i nærområdet til tettstaden Sogndal. Skyttarlaga Sogndal, Leikanger, Hafslo, Knipenborg og Farnes skal ha eit godt klapp på skuldra for eit vel gjennomført arrangement med omlag 800 deltakarar på kvart stemne.

Frå Sunnylven var det Isak Elias Frøysadal Hauge som gjorde det desidert best. Han klinka til med imponerande 5 x 350 p (1750 poeng) og tok sigaren i den knallharde Eldre rekrutt klassa, eit poeng framfor nr. 2 Caroline Finnestad Lund frå Søgne. Isak fekk også premie for beste plass-siffer samanlagt av alle stemna med sine tre 1. plassar og to 2.plassar. Premien delte han med ein av landets beste liggandeskyttarar, Odd Kolsrud på 77 år frå Begnadalen.

Og om ikkje det var nok så vant han også premien for jamnaste resultat totalt på alle fem stemna. Der var han den einaste av dei omlag 800 deltakarane som klarte å skyte same poengsum på alle stemna. Av 175 10-arane var 152 av dei inne i sentrum. 10-aren på 100 m- skiva har ein diameter på 6.0 cm og innertiaren ein diameter på 3.0 cm. Så med 152 skot innafor ein diameter på 3.0 cm er det ikkje anna å gjere enn å bli imponert. 

Men det var ikkje berre Isak Elias som gjorde det sterkt frå Sunnylven. Ørjan Frøysadal Hauge imponerte også med sine skyteferdigheiter og sikra seg 2. plassen i si klasse, Rekrutt. Han var berre fattige 5 poeng bak vinnaren Charlotte Lund frå Blaker. Ørjan oppnådde 1714 poeng totalt, og på dei 5 stemna fekk han med seg blant anna to 2.plassar og ein 3.plass.

Storebror Kristian Andre hadde også tatt turen til Sogndal, frå Kongsvinger der han går på skule. Han enda på ein 15. plass til slutt samanlagt i juniorklassa med samla poengsum 1734. Beste plassering var ein 10. plass i Sogndal med poengsummen 348 av 350 moglege. 

Blant seniorane var det Ivar Fivelstad som blei beste frå Sunnylven. Han oppnådde 1715 poeng samanlagt og tok 15. plassen i klasse 3-5. Kjell Oddvar Frøysa tok 73. plassen, Dag Andre Hauge 80. plassen og Ola Vangen enda til slutt på 98. plass. Tor Harald Lund frå Søgne vant klasse 3-5 med 1735 i poengsum totalt. Denne klassa hadde 261 deltakarar totalt. 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380