Gode resultat for sunnylvsskyttarar

To skarpskyttarar frå Sunnylven. Brørne Isak, t.v. og Ørjan vann begge sine klasser i Sparebanken Møre cup i helga.

I helga arrangerte skyttarlaga Aalesund, Engesetdal/Skodje og Langevåg Sunnmør sin skyttarcup, Sparebanken Møre Cupen. Brørne Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag vann sine klasser.

Tekst/foto: Ola Vangen.

Omlag hundre deltakarane var med denne helga der dei knivast om flotte premiar frå hovudsponsor Sparebanken Møre. Blant skyttarane frå Sunnylven var det brødrene Frøysadal Hauge som også denne helga gjorde det sterkast.

Flest i sentrum

Isak Elias vann klasse eldre rekrutt, med poengsummen 1047 (350 + 347 + 350). Han fekk hard konkurranse frå Edvard Haugen frå Lom og Skjåk som også skaut til 1047 poeng, men som blei rangert bak grunna ferre sentrumstiarar. Isak vant også premie for beste finaleomgang med 100 poeng og 9 sentrum.

Han satt også igjen med sigar i Aalesund og Langevåg der han hadde fullt hus, og 3. plass i Engesetdal/Skodje med 347 poeng.

Beste rekrutt

Ørjan hadde også ei god helg og vann sin klasse, rekrutt. Han oppnådde poengsummen 1035, eitt poeng føre Teodor Klokset Lilleng frå Engesetdal/Skodje. I tillegg til cupsiger tok Ørjan med seg ein sigar og to andreplassar med sine enkeltresultat 348, 344 og 343.

Fivelstad beste sunnylvssenior

Av seniordeltakarane vart det, slik som sist helg Ivar Fivelstad som vart beste frå Sunnylven skttarlag på listene. Med sine enkeltresultater 345, 343 og 339 kunne han notere seg 1027 poeng og ein 3. plass i kl. 3-5 i cupen. Ola Vangen tok 8. plass, Dag Andre Hauge 12. plass og Kjell Oddvar Frøysa 19. plassen mellom 47 seniorane som deltok. Vinnar i kl. 3-5 blei Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal/Skodje med 1035 poeng.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380