LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Håp for Store Kvakk til Hellesyltdagane

Det var i fjor under eit kraftig vindkast at den store gule anda, Store Kvakk havarerte. Anda fekk store skadar som måtte reparerast.

Heldigvis fann arrangøren av Det store andesleppet i Hellesyltfossen eit «hospital» som kunne ta seg av jobben å lappe Store Kvakk saman igjen. Tidlegare i vår vart den frakta til Austefjorden, til PVC Almenningen AS.

I dag melder dei at det går bra, at Store Kvakk skal bli friskmeldt til Hellesyltdagane og andesleppet i Hellesyltfossen søndag 7. juli.

Les tilstandsrapporten her:

-Status for Store Kvakk er fortsatt veldig alvorlig. Store Kvakk ligg framleis i respirator på grunn av skadar som oppsto i fjor. Vi har hatt ein lang dag på operasjonsboret, og vi håper at vi ser enden på operasjonen i morgon slik at Store Kvakk får seg litt kvile.

Med venleg helsing frå «hospitalet»,

Steinar Almenning

Dagleg leiar

PVC Almenning A/S

TLF: 70056032/41206038

E-post: post@pvcalmenning.no

Heimeside: www.pvcalmenning.no

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380