Lokalnytt

Har bygt klubbhus til fem mill. kroner

Magne Brekke rosa dei mange som hadde lagt ned mange dugnadstimar i det flotte klubbhuset. Sjølv er han ein av dei med den lengste timelista.

Sunnylven Pensjonistlag hadde vore med å betale sin vesle skjerv i klubbhuset i Hyttehola med betaling medlemer fekk for utsiktsrydding kring Hellesylt sentrum.

Pensjonistlaget fekk gjennom Hellesylt Næringslag betaling fordi medlemer var med på utsiktsrydding. Desse pengane vart donert til det nye klubbhuset i Hyttehola. No hadde pensjonistlaget lyst til å sjå både huset og anlegget som var bygt opp av idrettslag og skyttarlag i fellesskap, og henvendelsen vart imøtekomen, sa Astrid Langeland.

Fortalde om bygget

Og ikkje nok med det , drivjarn og leiar i byggenemnda Magne Brekke kom på grillfesten for å fortelje om prosessen fram til det heile no stod ferdig. Eit moderande bygg på 350 kvadratmeter med toalett, rom for alle behov og overbygd standplass står ferdig. Totalkostnaden var på knappe 5.0 mill. kroner, men med tilskot, gåver, dugnadsarbeid og spelemiddlar var restlånet handterleg, meinte Magne Brekke.

Ikkje ny konkrete planar

I tillegg til godt løypenett for langrenn og ein standplass med 15 blinkar for skiskyting er det reist garasje for trakkemaskina og ny tidtakarbud. På spørsmål om laga hadde nye utbyggingsplanar sa Brekke at det har blitt snakka om å fornye 100-metershaldet for skyting, og det var nemnt ei asfaltert bane for rulleskitrening, men ikkje noko var bestemt.

Må bli brukt

-Vi har fått fram og har gode utøvarar frå begge laga, men med alderen blir det tøffare og tøffare å hevde seg i toppen både i skyting og skisport. Men anlegget ligg her og det er bygt for å bli brukt. Det er det viktigaste, for idrett og trening gjev god helse, sa Magne Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380