Held folkemøte kring rullering av arealdel
Fyrst i juni, veke 23 inviterer Stranda kommune til folkemøte i alle bygdelaga om rullering av arealdelen og framtidig arealbruk. Møta er i samarbeid med rådgjevingsfirmaet OSE as, Ørsta.
Kommunane sin arealdel er den største overordna arealplan i det norske plansystemet. Ut frå desse skal arealbruk vurderast opp mot samfunnsutvikling og utbygging.
For å gjere dette planarbeidet best mogleg og trygge alle interesser er innspel frå innbyggjarane viktig. Difor inviterer Stranda kommune til folkemøte der dei håpar flest mogleg vil ta del og kome med innspel, både på møta og med skriftelege innsendingar.
-Det er viktig for oss å få innspel på korleis vi skal planleggje og disponere arealet vårt, både frå innbyggjarane og andre som er interessert i utviklinga i kommunen vår. Både land –og sjøareal skal vurderast, skriv Stranda kommune i invitasjonen til folkemøta.
Det blir halde folkemøte slik:
Geiranger 03. juni, Hotel Union kl. 18.00 – 21.00
Stranda 04. juni, Storfjord kulturhus kl. 18.00 – 21.00
Liabygda 05. juni, Liabygda ungdomshus kl. 18.00 – 21.00
Hellesylt 06. juni, Sunnylven samfunnshus kl. 18.00 – 21.00
Fleire tema vert sett på dagsorden på møta:
*Hytte –og bustadområde, fortetting, utvikling eller heilt nye
*Nye næringsareal?
*Landbasert oppdrettsanlegg, lokalisering?
*Samlingsplassar og trygge leike/aktivitetsområde for barn/unge
*Sykkel og gangvegar, trygg ferdsel for dei mjuke trafikantane
*Grøne soner i nærmiljøet – lågterskel tilbod
*Sætervollar, vern eller utbygging?
*Vegføringar og nye tunnelar, skredsikre samferdsleløysingar
Kommunen har engasjert rådgjevingsfirmaet OSE as, Ørsta til å utarbeide framlegg til arealplan. Frå OSE deltek rådgjevar Marit Elisabeth Larssen, ho har med seg arkitekt Gitte Langlo frå A-R-T. Frå kommunen deltek ordførar, rådmann, kommunalsjef plan og utvikling, samt planleggjar på møta.
Saker for Sunnylven og Hellesylt
Som ein ser av temaplanen er arealbruken aktuell i mange saker, både land –og sjøareal. I Sunnylven presenterte nyleg komiteen for årets Hellesyltdagar opplegget for ein idekonkurranse for utnytting av det uferdige området på cruisekaia på Hellesylt. Kan denne saka vere aktuell for innspel på møtet på Hellesylt?
Nettstaden www.hellesylt.info vil om kort tid presentere ei spørjeundersøking til politiske parti i Stranda om saker som vedkjem Hellesylt og Sunnylven, mellom anna om byggeklare tomtar for bolighus. Dei partia som har svara går alle inn for å til ei kvar tid å ha nok byggeklare tomtar, men kvar i Sunnylven?
Og fleire ideelle organisasjonar i Sunnylven, 4H, sanitetslag og ungdomslag vil gå saman om å lage «Draumeplassen» i nærområdet til sentrum i bygda for born og vaksne, men kvar er plassen å bygge på?
Møt fram på folkemøte på Hellesylt torsdag 6. juni og kom med innspel.