LokalnyttLokalsport

Hødd tapte på Hellesylt

Stranda/Sunnylven sitt damelag sikra seg alle poenga etter 4-3 siger over Hødd 2 på Hellesylt stadion torsdag kveld. Det var ein kamp som svinga i prestasjonane frå begge lag.

Damer 4. divisjon

Stranda/Sunnylven – Hødd 2: 4 – 3 (1-2)

Mål Stranda/Sunnylven: Olene Lade 3, Bertine Lade 1.

Stranda/Sunnylven snudde damekampen mot Hødd 2 på Hellesylt stadion torsdag kveld frå 0-2 til siger 4-3. Gjestane leia 0-2 etter halvtimen i fyrste omgang, men så fekk Bertine Lade sjansen mot eit elles robust og godt Hødd-forsvar og lobba elegant inn redusering før kvilen. Det stod 1-2 ved pause.

I andre omgang stod kampen og bikka lenge, men det var heimelaget som starta skåringane. Olene Lade var sikker då ho fyrst sette inn utlikninga, og deretter la på til 3-2, og kvarteret før slutt til 4-2 etter ein glipp i Hødd-forsvaret og pasning frå Silje Stadheim. Fem minutt før full tid reduserte Hødd til 3-4, men nærare poeng kom ikkje dei kvitkledde sjølv om det var like før. I mål viste nemleg Lillian Aasheim storspel for Stranda/Sunnylven, mellom anna ei fenomenal redning av ein markkrypar.

På eit heimelag der prestasjonane svinga mykje må målvakt Lillian få fleire pluss. Også Madelen på midtbana og Olene i angrepet spela ein god kamp.

Synd at berre eit par ti-talls personar møtte fram for å sjå kampen. Neste gong må publikumstalet mangedoblast.

Olene Lade i duell med ein forsvarsspelar på Hødd 2.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380