Lokalnytt

Ibsen Hellesylt UB gjer bygda kjent

Elevar frå Stranda vidaregåande skule har jobba med appen Ibsen Hellesylt UB lenge. Torsdag var frå venstreTuva Brandli Korsnes, Julie Helen Aklestad, Goda Tkacenkaite og Sofie Berge Sæbø på Hellesylt for å dele ut reklame for appen til turistar på cruisebåten Zenith.

Ibsen Hellesylt UB, mobil-appen som elevar ved Stranda vidaregåande skule har utarbeidd har sett vesle Hellesylt på verdenskartet. I juni kjem ein fransk TV-kanal for å gjere opptak.

I veke 21 var fire elevar ved Stranda vidaregåande skule på Hellesylt for å møte cruisebåtturistar og dele ut informasjon om mobil-appen Ibsen Hellesylt UB som dei har jobba fram. Også faglærar ved skulen Ole Bjørn Hjellegjerde, og næringssjef i Stranda Inge Bjørdal var på cruisekaia som moralsk støtte.

Språkvanskar

Å møte turistane på cruisebåten Zenith der dei fleste snakka spansk og lite engelsk vart ei utfordring for dei fire jentene. Men i tru på at dei hadde ei god vare å reklamere for, vart det forklara og delt ut informasjonsskriv til fleire av dei reisande.

Mange fatta interesse, for elevane har laga eit flott produkt som kan bli ei utruleg nyttig reklame for Hellesylt. For med Ibsen innbaka i namnet, er plutseleg den vesle staden ein verdskjent plass.

På cruisekaia er det sett opp plakat med informasjon om nedlasting av appen. På kaia var frå venstre næringsjef Inge Bjørdal, Goda, Julie, Tuva, Sofie, og lærar Ole Bjørn Hjellegjerde.

Tresifra visingar

Det var etter oppdrag frå næringssjef Inge Bjørdal at elevar ved Stranda vgs. starta arbeidet med Ibsen-appen. –Hellesylt har noko som få kan vise til, nemleg besøk av diktaren Henrik Ibsen og inspirasjonen han fekk her til boka Brand, eit drama i verseform, utgjeve i 1866. Denne reklamen er alt for lite påakta og må gjerast meir kjent, seier næringssjefen.

Arbeidet er støtta med hoppid-middlar, og i tillegg har ni bedrifter på Hellesylt bidrege økonomisk med eit eingongsbeløp. Reklamen dei har på appen beheld dei så lenge dei vil, fortel faglærar Ole Bjørn Hjellegjerde.

Tuva og Sofie deler ut flygeblad om appen.

Prisar på fykesmessa

Under fylkesmessa i Molde i vår fekk Ibsen-appen andre pris for beste kundeoppleving på nett, og tredje pris for beste marknadsføring. – Å vinne desse prisane betydde mykje for oss då vi verkeleg fekk anerkjennelse for det arbeid vi har lagt ned. Vi ser den store verdien i å ha laga ein slik app for næringslivet på Hellesylt, seier elevane Julie Helen Aklestad, Tuva Brandli Korsnes, Goda Tkacenkeite og Sofie Berge Sæbø. I tillegg har Hanna Olin Muri og Malene-Linge Valdal vore med, men dei to var forhindra frå å ta turen til Hellesylt torsdag.

Her er det Julie og Goda som overbeviser spansktalande turistar om appen.

Fransk Tv til Hellesylt i juni

Og investeringa bedriftene på Hellesylt har gjort kan lønne seg. Alt i mars i år hadde Ibsen Hellesylt UB eit tresifra antall med nedlastingar, og det var registrert 1600 visingar. Mellom dei som hadde oppdaga appen var den franske Tv-journalisten Tao Favre. Han lagar Tv-program der han oppsøkjer stader som kan knytast til bøker av kjente forfattarar. Gjennom appen Ibsen Hellesylt UB las han at Henrik Ibsen si bok Brand var inspirert mellom anna av natur og opplevingar på Hellesylt, og han har bestemte seg for at der skal det gjerast opptak til Tv-program i slutten av juni, fortalde Hjellegjerde.

Også på Google

Om Tao Favre har sikra seg elevane frå Stranda vgs. som aktørar til opptaka, fekk vi ikkje svar på. -Vi har lært masse av arbeidet vi har utført. Og det vart mykje jobb, men det mest frustrerande var at vi fyrst vart nekta å lansere appen på Google, men etter kvart løyste det seg, fortel dei fire elevane. Dei vil jobbe med Ibsen Hellesylt også neste skuleår, men etter då er appen Stranda kommune sin eigedom, fekk vi oss fortalt.

På Hellesylt er det sett opp to skilt, på cruisekaia og på ferjekaia som fortel om appen og med kode for nedlasting. To nye skilt vil kome etter kvart.

I tillegg til Hoppid-middlar har desse bedriftene lova økonomisk støtte: Bonseye AS, Ole Ringdal AS, Hellesylt el-sykkelutleige, HT Bygg Hellesylt AS, Sparebanken Møre, AS Formvac, Hellesylt Feriehytter, Coop Marked Hellesylt, Stadheimfossen Camping og Hytter.

Driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF; Inge Hole (grøn) informerer på cruisekaia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380