LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2019

Ingebjørg Bratland i Sunnylven kyrkje

Artist Ingebjørg Bratland blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag 5. juli. (Skjermdump)

Songartisten Ingebjørg Bratland blir å høyre i Sunnylven kyrkje under årets Hellesyltdagar fredag 5. juli. Det opplyser arrangørkomiteen.

«Gullstrupa» frå Vinje i Telemark starta si artistkarriere med kveding knappe seks år gamal. I vaksen alder har hennar framføringar av gamle salmar, folketonar eller nyare songar gjort Ingebjørg Bratland til ein populær artist, og som har gjeve henne fleire Spelemannsprisar. Vi har sett Ingebjørg Bratland i TV-ruta, både som deltakar i Beat for Beat, Det store korslaget, og under andre konsertar. Ho har hatt eit nært musikalsk samarbeid med ein annan telemarkartist, Odd Nordstoga.

Ingebjørg Bratland er årets artist under konserten i Sunnylven kyrkje fredag 5. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380