Innlevering av lopper måndag
Sunnylven sanitetslag arrangerer loppemarknad under Hellesyltdagane også i år. Måndag 6. mai tek sanitetskvinner i mot «lopper», fine bruks –og pynteting.
Mellom mykje populært under Hellesyltdagane, den store sommarfesten inst i Sunnylvsfjorden er loppemarknaden til Sunnylven sanitetslag. Dagen for ein god handel av små og store ting er laurdag 6. juli.
For at det skal bli suksess også denne gongen er sanitetslaget avhengig av å få inn ting til marknaden. Innlevering av «lopper» er måndag 6. mai i vestibylen på Sunnylven samfunnshus mellom kl. 14.30 og 17.00. Dei ynskjer ikkje klede og elektriske artiklar, og møblar som kjem inn og ikkje blir selde må hentast tilbake av eigar. Elles er alt av interesse, men det må vere heilt og reint, opplyser sanitetslaget.