Kjøpte vinnarloddet på Joker

Det er etter kvart tett mellom vinnardiplom frå Norsk Tipping hos Liv Jorunn Sporstøl på daglegvarebutikken Joker.

Joker Hellesylt har fått melding frå Norsk Tipping om at ein heldig person har kjøpt eit vinnarlodd i speleomgang 16 ved daglegvarebutikken. Gevinsten var 100.000.- kroner.

Måndag var Liv Jorunn Sporstøl ved Joker Hellesylt i ferd med å henge opp diplomet frå Norsk Tipping, beviset på at butikken har selt eit nytt vinnarlodd. På veggen kring lotterikassa heng fleire bevis, og etter ei rask summering har mellom 4 – 5 mill. kroner blitt tildelt heldige vinnarar etter loddkjøp her dei siste åra. Også Liv Jorunn sjølv er mellom vinnarane av ein høveleg bra sum, ei hending som skjedde for nokre år tilbake..

Både Liv Jorunn og Svein Sporstøl ved butikken synest det er kjekt at butikken har selt lodd til fleire vinnarar av store beløp. Og Svein minner om grasrotandelen som som går til lag og organisasjonar. Den utgjer sju prosent av spelesummen, 7.- kroner av hundre til laget ein vil støtte. Ordninga har vart i fire år og har gjeve rundt 300.000.- til lag og organisasjonar i Sunnylven, seier han.

Det er lurt å handle på Joker Hellesylt. Der sel dei også lottogevinstar ofte, men hugs å krysse av for grasrotandelen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380