Lokalnytt

Konkurrerer med hoppetau

Ved Sunnylven skule hoppar elevane for eit godt hjarte. Frå venstre Falco, Nikoline, Amalie, Konrad, Ørjan, Helene, Marte, Daniel, Thomas, Natasha.

Ved Sunnylven skule blir det dagleg hoppa høgt over eit langt hoppetau. Nasjonalforeininga for folkehelse sin årlege hoppetaukonkurranse er godt i gang.

Hopp for hjartet kalla folkehelsa den landsomfattande aktiviteten mellom skuleelevar. Årets hoppetaumoro starta 30. april og varer i to veker. Elevane hoppar tau i friminutta og i undervisning og får poeng for antall minutt dei hoppar kvar dag.

Også i år er aktiviteten ved Sunnylven skule stor i alle friminutt. Det lange, raude hoppetauet har svinga mange gonger rundt og elevar hoppar og hoppar. Godt tretti elevar frå 4. til 7. klasse er med og får poeng for kvart minutt hoppinga pågår. Snittet per elev avgjer kor godt resultatet blir i konkurranse med elevar frå heile landet.

Landsvinnaren får i år 10.000.- kroner, og i tillegg blir det kåra fylkesvinnarar som kvar får 2.000.- kroner. Sunnylven skule har vunne konkurransen tidlegare.

Hopp for hjartet har blitt populært og auka årleg mellom skuleelevar, frå 40.000 i 2005 til over 100.000 deltakarar i 2018.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380